Renovasjon og gjenvinning
'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i renovasjon og gjenvinning til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit betre arbeidsmiljø!
Om prosessen
Slik bruker de verktøyet
Opplegget er lett. Start med å sjå filmane som visualiserer dei utfordringane som forsking viser er framståande i bransjen deira. Deretter samlast de til to møte, der de snakkar om 1) korleis er dette hos oss? og 2) korleis kan vi jobbe med det? Basert på alle tilsettes innspel lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.
Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod er prosessansvarlege. Oppgåva deira er å førebu møta: bestille materiell, sende ut invitasjonar og leie møta. I tillegg skal dei samanfatte frå møta og lage ein handlingsplan. Mal for handlingsplan finn dykk nedst på sida.
Introduksjon
Ein kort film om kva eit godt arbeidsmiljø betyr
Trivsel er viktig for eit godt arbeidsmiljø, men det handlar også om litt meir: Om korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.
Forberedelser
Kva utfordringar er knytt til arbeidet?
Filmane under skildrar utfordringar som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i renovasjon og gjenvinning. Byrj statusmøtet ved å sjå på filmane under. De kan også sjå dei på førehand. For teksting: Trykk CC nederst på filmen.
Oppgaver for alle:
Sjå filmane og finn ut om du kjenner deg igjen
Har du eigne eksempel?
Innanding av gass, støv og kjemikaliar
På kort sikt kan innanding av enkelte stoff gi luftvegsplager og allergiske reaksjonar. På lengre sikt kan dette føre til sjukdommar som kols og astma.
Fysisk belastande arbeid
Det er i utgangspunktet sunt å bruke kroppen. Mykje av arbeidet i renovasjon og gjenvinning kan vere fysisk tungt og innebere ugunstige arbeidsstillingar. Dersom belastninga blir for stor eller for langvarig kan det føre til muskel- og skjelettlidingar og sjukefråvær.
Faglege utviklingsmoglegheiter
Å få bruke og utvikle eigne ferdigheiter og kompetanse vil for mange vere ein viktig faktor som skaper meining og motivasjon i jobben.
Tryggingskultur
Organisasjonar som har god tryggingskultur har evna til å lære, og dei stiller heile tida kritiske spørsmål om eigen praksis og eigne samhandlingsmønster. Det er menneska som er kjernen i tryggingskulturen, korleis vi snakkar saman og korleis vi utøver både leiing og arbeid. Tryggleik blir styrt ved reglar og prosedyrar for arbeidet, kompetanse for å utføre arbeidet sikkert, kultur for å prioritere tryggleik, og arbeidstider og arbeidsforhold som gjer det mogleg for dei tilsette å fungere godt.
Samarbeid og kommunikasjon
Ubehagelege konfliktar med kollegaer eller kundar kan vere ei påkjenning som kan føre til søvnproblem og fysiske og psykiske helseproblem.
Andre utfordringar
Risiko for feilhandling
Nokre gonger kan tilsette oppleve at livet til ein sjølv eller andre blir sett i fare dersom ein gjer ein feil i jobben. Dette kan vere psykisk belastande.
Hudkontakt med kjemikaliar
I det daglege kan tilsette ha hudkontakt med ulike reingjeringsmiddel, løysemiddel, avfeittingsmiddel eller oljer. Dette kan gi hudplager og eksem, og enkelte stoff kan bli tekne opp i blodbana, noko som kan føre til skade andre stader i kroppen.
Vil du vite mer om faktorer i arbeidet? Besøk noa.stami.no fakta om arbeidsmiljø i renovasjon og gjenvinning
Hvordan er det hos oss?
Statusmøte
Formålet med dette møtet er å bli samde om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen deira.
Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmane i fellesskap. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein statusmøte-plansje til kvar gruppe.
Diskuter:
- Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane?
- Kva er dei største utfordringane hos oss?
- Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag?
- Er det nokon arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre?
- Er det andre ting hos oss som er meir relevante?
Hugs! Tiltak og løysingar snakkar dykk om i neste møte (tiltaksmøte).
Dei prosessansvarlege samanfattar frå gruppediskusjonane og fører dette inn i den indre sirkelen på tiltaksmøte-plansjane.
For prosessansvarlige:
Hva kan vi gjøre hos oss?
Tiltaksmøte
No skal de diskutere tiltak og løysingar, basert på oppsummeringa frå statusmøtet.
Sjå filmen som grunnlag for å diskutere moglege tiltak og løysingar hos dykk. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.
Prosessansvarlege leier tiltaksmøtet, på same måte som på statusmøtet. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein tiltaksmøte-plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå statusmøtet, og diskuter korleis de kan handtere kvar enkelt utfordring på best mogleg måte.
Diskuter:
- Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt.
- Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt.
- Er det enkelte forhold i jobben vi bør vere særleg merksame på?
- Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis?
- Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i – og korleis?
Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet.
Veien videre
Lag ein handlingsplan
Basert på forslaga i tiltaksmøtet lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.
Heng handlingsplanen opp på veggen eller gjer den synleg på andre måtar, slik at alle blir minte på tiltaka kvar dag.
Synleggjer handlingsplanen også i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.
Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Derfor er det viktig å jobbe systematisk, og gjere det til ein del av det daglege arbeidet. Bestem ein dato for eit oppfølgingsmøte der de evaluerer tiltaka.
Lykke til!
Hva synes du om prosessen?
Forstod du alt eller var det uklart?
Takk for din tilbakemelding!