Sjøfart
'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i sjøfart til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og lågare sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit godt arbeidsmiljø!
Om prosessen
Slik bruker de verktøyet
Opplegget er lett. Start med å sjå filmane som visualiserer dei utfordringane som forsking viser er framståande i bransjen deira. Deretter samlast de til to møte, der de snakkar om 1) korleis er dette hos oss? og 2) korleis kan vi jobbe med det? Basert på alle tilsettes innspel lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.
Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod er prosessansvarlege. Oppgåva deira er å førebu møta: bestille materiell, sende ut invitasjonar og leie møta. I tillegg skal dei samanfatte frå møta og lage ein handlingsplan. Mal for handlingsplan finn dykk nedst på sida.
Introduksjon
Ein kort film om kva arbeidsmiljø betyr
Arbeidsmiljø handlar om meir enn trivsel, det handlar om jobben vi gjer: Korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.
Forberedelser
Kva utfordringar er knytt til arbeidet?
Filmane under skildrar utfordringar som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i sjøfart. Byrj statusmøtet ved å sjå på filmane under. De kan også sjå dei på førehand. For teksting: Trykk CC nederst på filmen.
Oppgaver for alle:
Sjå filmane og finn ut om du kjenner deg igjen
Har du eigne eksempel?
Jobbuvisse og nedbemanning
Omorganisering kan føre til at arbeidet blir betre organisert og tilrettelagdt for arbeidstakarane, og for oppgåvene dei skal utføre. Samtidig kan større endringsprosessar skape uvisse og få negative ringverknader for arbeidsmiljøet. Å få informasjon og å få høve til å medverke før og under endringsprosessane, er med på å redusere uvisse.
Støtte frå leiar
Det er viktig at tilsette opplever å bli sett av sin næraste leiar. Det kan vere at leiaren set pris på arbeidsresultata, at ein får hjelp om ein treng det, og at sjefen behandlar dei tilsette rettferdig og upartisk.
Tryggingskultur
Rundt ein tredel av tilsette i sjøfart oppgir at det er ein auka risiko for å bli utsett for ei ulykke på jobb. Tryggleik blir styrt ved reglar og prosedyrar for arbeidet, kompetanse for å utføre arbeidet sikkert, kultur for å prioritere tryggleik, og arbeidstider og arbeidsforhold som gjer det mogleg for tilsette å fungere godt.
Ugunstig arbeidstid
Arbeidstida kan påverke både helse, balanse mellom jobb og privatliv, og velferd. Skift- og turnusarbeid kan påverke søvn og skape forstyrringar i døgnrytma.
Den fysiske arbeidsplassen
Den fysiske arbeidsplassen i sjøfart er svært variert. Yrkesgrupper i bransjen er utsett for ulike eksponeringar, men nokre forhold som til dømes støy, tunge løft, og ukomfortable arbeidsstillingar er felles for mange. Høg belastning over tid eller einsidige arbeidsoppgåver kan føre til muskel- og skjelettplager. For å førebyggje plager er det viktig med nok kvile, restitusjon og rullering av arbeidsoppgåver.
Andre utfordringar
Puste inn gass, støv og kjemikaliar
På relativt kort sikt kan innanding av enkelte stoff gi luftvegsplager og enkelte allergiar. På lengre sikt kan dette gi sjukdommar som kreft, kols, løysemiddelskade, og hjarte- og karsjukdommar.
Jobbe med hender over skulderhøgd
Arbeid med armane heva over skulderhøgd, repeterande rørsler og arbeid med bøygde handledd kan auke risikoen for fysiske plager.
Ubalanse mellom innsats og påskjønning
Det vil seie at ein opplever ubalanse mellom eigen innsats og påskjønninga ein får. Påskjønning kan til dømes vere anerkjenning for den innsatsen ein legg i arbeidet, eller rett lønnsnivå.
Vil du vite mer om faktorer i arbeidet? Besøk noa.stami.no fakta om arbeidsmiljø i sjøfart
Hvordan er det hos oss?
Statusmøte
Formålet med dette møtet er å bli samde om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen deira.
Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmane i fellesskap. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein statusmøte-plansje til kvar gruppe.
Diskuter:
- Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane?
- Kva er dei største utfordringane hos oss?
- Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag?
- Er det nokon arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre?
- Er det andre ting hos oss som er meir relevante?
Hugs! Tiltak og løysingar snakkar dykk om i neste møte (tiltaksmøte).
Dei prosessansvarlege samanfattar frå gruppediskusjonane og fører dette inn i den indre sirkelen på tiltaksmøte-plansjane.
For prosessansvarlige:
Hva kan vi gjøre hos oss?
Tiltaksmøte
No skal de diskutere tiltak og løysingar, basert på oppsummeringa frå statusmøtet.
Sjå filmen som grunnlag for å diskutere moglege tiltak og løysingar hos dykk. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.
Prosessansvarlege leier tiltaksmøtet, på same måte som på statusmøtet. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein tiltaksmøte-plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå statusmøtet, og diskuter korleis de kan handtere kvar enkelt utfordring på best mogleg måte.
Diskuter:
- Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt.
- Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt.
- Er det enkelte forhold i jobben vi bør vere særleg merksame på?
- Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis?
- Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i – og korleis?
Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet.
Veien videre
Lag ein handlingsplan
Basert på forslaga i tiltaksmøtet lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.
Heng handlingsplanen opp på veggen eller gjer den synleg på andre måtar, slik at alle blir minte på tiltaka kvar dag.
Synleggjer handlingsplanen også i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.
Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Derfor er det viktig å jobbe systematisk, og gjere det til ein del av det daglege arbeidet. Bestem ein dato for eit oppfølgingsmøte der de evaluerer tiltaka.
Lykke til!
Hva synes du om prosessen?
Forstod du alt eller var det uklart?
Takk for din tilbakemelding!