Bilde av traktor på jorde.

Landbruk

'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i landbruket til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit betre arbeidsmiljø!


Om prosessenSlik bruker dere verktøyet

Opplegget er lett. Start med å sjå filmane som visualiserer dei utfordringane som forsking viser er framståande i bransjen deira. Deretter samlast de til to møte, der de snakkar om 1) korleis er dette hos oss? og 2) korleis kan vi jobbe med det? Basert på alle tilsettes innspel lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.

Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod er prosessansvarlege. Oppgåva deira er å førebu møta: bestille materiell, sende ut invitasjonar og leie møta. I tillegg skal dei samanfatte frå møta og lage ein handlingsplan. Mal for handlingsplan finn dykk nedst på sida.


IntroduksjonEin kort film om kva eit godt arbeidsmiljø betyr

Arbeidsmiljø handlar om litt meir enn trivsel. Det dreier seg om jobben vi gjer: Korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.


ForberedelserKva utfordringar er knytt til arbeidet?

Filmane under skildrar utfordringar som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i landbruket. Byrj statusmøtet ved å sjå på filmane under. De kan også sjå dei på førehand. For teksting: Trykk CC nederst på filmen.

Oppgaver for alle:

Ubalanse mellom jobb og privatliv

Opplevinga av at jobben krev så mykje at det går ut over privatlivet, heng både saman med tida ein er på jobb, og når og kor ein jobbar. Balansen mellom jobb og privatliv har noko å seie for om ein trivst og er nøgd med livet. Å handtere denne balansen er noko mange slit med, og for bønder kan det være enda vanskelegare, sidan det alltid er noko å gjere.

Kontakt med biologisk materiale, gassar og organisk støv

Åtte av ti bønder kan fortelje at dei blir utsette for støv frå dyr, korn og andre planter. Ein av fire blir utsette for andre luftforureiningar. Å puste inn gassar og organisk støv kan gi irritasjonshoste, naseplager, allergiar, astma, lungebetennelsar og kroniske lungelidingar.

Aleinearbeid

I dag jobbar dei aller fleste norske bønder i enkeltpersonføretak, og ofte saman med ektefelle og annan familie. Det fører med seg mykje aleinearbeid, som kan vere farleg både direkte og indirekte. Slikt arbeid kan bidra til auka fare for ulykker, og det kan vere ei psykisk påkjenning å vere aleine med alle avgjerder og oppgåver.

Opplevd skaderisiko

Opplevd skaderisiko handlar om kor sannsynleg ein tenker at det er å bli utsett for ein arbeidsskade eller arbeidsulykke. Tryggleiken på ein arbeidsplass avheng av at ein klarer å kjenne igjen farar i arbeidet, og ikkje minst at ein veit kva som kan gjerast for å minimere risikoen for arbeidsskadar og arbeidsulykker.

Fysisk belastande arbeid, støy og vibrasjonar

Bønder og skogsarbeidarar er blant dei yrkesgruppene som har størst førekomst av fysisk belastande arbeid i kvardagen. Det er i utgangspunktet sunt å bruke kroppen og bevege seg, men når belastinga blir for stor eller for einsidig, kan helseplager oppstå.


Andre utfordringar

Monotont arbeid

Monotont eller einsidig arbeid består av arbeidsoppgåver som gjentek seg ofte , slik at ein gjer det same time etter time. Kombinert med høgt arbeidstempo og avgrensa moglegheiter for variasjon og pause, vil slikt arbeid kunne auke risikoen for helseplager. Monotont arbeid har også ein samanheng med fråfall frå arbeidslivet.

Hudkontakt med reingjerings- og desinfeksjonsmiddel

Produkt til vasking og desinfeksjon kan ofte ha irriterande, allergiframkallande eller etsande verknader på huda. Dette kan føra til hudplager og hudsjukdommar.

Hudkontakt med avfeittings- eller løysemiddel

Kjemikaliar på huda gir auka risiko for hudplager og eksem. Enkelte stoff kan bli tekne opp i blodbanen og føre til skade andre stader i kroppen.

Vil du vite mer om faktorer i arbeidet?
noa.stami.no - fakta om arbeidsmiljø i landbruk


Hvordan er det hos oss?Statusmøte

Formålet med dette møtet er å bli samde om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen deira.

Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmane i fellesskap. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein statusmøte-plansje til kvar gruppe.

Diskuter:

  • Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane? 
  • Kva er dei største utfordringane hos oss? 
  • Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag? 
  • Er det nokon arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre? 
  • Er det andre ting hos oss som er meir relevante? 
  • Hugs at de ikkje skal snakke om korleis utfordringane blir løyste før i neste møte. 

Hugs! Tiltak og løysingar snakkar dykk om i neste møte (tiltaksmøte).

Dei prosessansvarlege samanfattar frå gruppediskusjonane og fører dette inn i den indre sirkelen på tiltaksmøte-plansjane.

For prosessansvarlige:


Hva kan vi gjøre hos oss?Tiltaksmøte

No skal de diskutere tiltak og løysingar, basert på oppsummeringa frå statusmøtet.

Sjå filmen som grunnlag for å diskutere moglege tiltak og løysingar hos dykk. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.

Prosessansvarlege leier tiltaksmøtet, på same måte som på statusmøtet. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein tiltaksmøte-plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå statusmøtet, og diskuter korleis de kan handtere kvar enkelt utfordring på best mogleg måte.

Diskuter:

  • Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt. 
  • Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt. 
  • Er det enkelte forhold i jobben vi bør ha særleg fokus på? 
  • Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis? 
  • Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i? I så fall, korleis?  

Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet. 


Veien videreLag ein handlingsplan

Basert på forslaga i tiltaksmøtet lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.

Heng handlingsplanen opp på veggen eller gjer den synleg på andre måtar, slik at alle blir minte på tiltaka kvar dag.

Synleggjer handlingsplanen også i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.

Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Derfor er det viktig å jobbe systematisk, og gjere det til ein del av det daglege arbeidet. Bestem ein dato for eit oppfølgingsmøte der de evaluerer tiltaka.

Lykke til!