Offentlig forvaltning og velferd

'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i offentleg forvaltning og velverd til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit betre arbeidsmiljø!


Om prosessenSlik bruker dere verktøyet

Opplegget er lett. Start med å sjå filmane som visualiserer dei utfordringane som forsking viser er framståande i bransjen deira. Deretter samlast de til to møte, der de snakkar om 1) korleis er dette hos oss? og 2) korleis kan vi jobbe med det? Basert på alle tilsettes innspel lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.

Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod er prosessansvarlege. Oppgåva deira er å førebu møta: bestille materiell, sende ut invitasjonar og leie møta. I tillegg skal dei samanfatte frå møta og lage ein handlingsplan. Mal for handlingsplan finn dykk nedst på sida.


IntroduksjonEin kort film om kva eit godt arbeidsmiljø betyr

Arbeidsmiljø handlar om litt meir enn trivsel. Det dreier seg om jobben vi gjer: Korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen. 


ForberedelserKva utfordringar er knytt til arbeidet?

Filmane under skildrar utfordringar som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i offentleg forvaltning og velferd. Byrj statusmøtet ved å sjå på filmane under. De kan også sjå dei på førehand. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.

Oppgaver for alle:

Kontorløysingar

Mange har aktivitetsbaserte kontorkonsept eller jobbar i meir tradisjonelle opne landskap. Både når det gjeld fysisk kontorløysing i arbeidsgivars lokale og bruk av heimekontor, er det viktig at ein vurderer kva slags løysing som passar best til arbeidsoppgåvene.

Omorganisering og endring

Omorganisering og endring kan innebere endra arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar, endringar i strukturen eller bemanningssituasjonen til organisasjonen. Endring kan vere bra og nødvendig, men kan føre til auka krav og ei oppleving av lite kontroll. For å få til gode endringsprosessar, er det viktig å involvere dei tilsette og dele informasjon.

Konfliktar, truslar og trakassering

Sjølv om enkelte episodar objektivt sett er meir alvorlege enn andre episodar, så vil den subjektive opplevinga ha noko å seie for om ein person opplever negative helsekonsekvensar på kort eller lang sikt.

Høge krav og lita moglegheit til å påvirke arbeidde

Moglegheita til å påverke eigne arbeidsoppgåver er viktig for motivasjon og helse. Derfor er det lurt at leiarar og tilsette i fellesskap diskuterer korleis det er mogleg å organisere arbeidet på best mogleg måte.

Høge emosjonelle krav

Det å handtere eigne og andres kjensler eller takle andre menneskes sorger og gleder er ein stor del av kvardagen. Emosjonelle krav er ikkje negativt i seg sjølv, men det å skulle forhalde seg til andre menneskes kjensler og leggje vekk eigne kjensler kan vere belastande over tid.


Andre utfordringar

Gjentakande hand- og armrørsler

Monotone og gjentakande rørsler i arm eller hand store delar av arbeidsdagen kan føre til smerter i nakke, skuldrer og armar.

Arbeid med hovudet bøygd framover

Arbeidsoppgåver der ein jobbar med framoverbøygd nakke og hovudet vendt nedover, eksempelvis for å lese eller skrive på papir, kan føre til smerter i nakke og skuldrer

Moglegheit for fagleg utvikling

Arbeidstakarar skal ha høve til fagleg og personleg utvikling gjennom arbeidet. Dette kan auke evna til å meistre nye utfordringar, og er nært knytt til sjølvråderett i jobben.

Vil du vite mer om faktorer i arbeidet?
noa.stami.no - fakta om arbeidsmiljø i bransjen


Hvordan er det hos oss?Statusmøte

Formålet med dette møtet er å bli samde om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen deira.

Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmane i fellesskap. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein statusmøte-plansje til kvar gruppe.

Diskuter:

  • Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane?
  • Kva er dei største utfordringane hos oss?
  • Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag?
  • Er det nokon arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre?
  • Er det andre ting hos oss som er meir relevante?

Hugs! Tiltak og løysingar snakkar dykk om i neste møte (tiltaksmøte).

Dei prosessansvarlege samanfattar frå gruppediskusjonane og fører dette inn i den indre sirkelen på tiltaksmøte-plansjane.

For prosessansvarlige:


Hva kan vi gjøre hos oss?Tiltaksmøte

No skal de diskutere tiltak og løysingar, basert på oppsummeringa frå statusmøtet.

Sjå filmen som grunnlag for å diskutere moglege tiltak og løysingar hos dykk. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.

Prosessansvarlege leier tiltaksmøtet, på same måte som på statusmøtet. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein tiltaksmøte-plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå statusmøtet, og diskuter korleis de kan handtere kvar enkelt utfordring på best mogleg måte.

Diskuter:

  • Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt.
  • Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt.
  • Er det enkelte forhold i jobben vi bør vere særleg merksame på?
  • Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis?
  • Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i – og korleis?

Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet.


Veien videreLag ein handlingsplan

Basert på forslaga i tiltaksmøtet lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.

Heng handlingsplanen opp på veggen eller gjer den synleg på andre måtar, slik at alle blir minte på tiltaka kvar dag.

Synleggjer handlingsplanen også i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.

Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Derfor er det viktig å jobbe systematisk, og gjere det til ein del av det daglege arbeidet. Bestem ein dato for eit oppfølgingsmøte der de evaluerer tiltaka.

Lykke til!