Sjøfart
'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i sjøfart til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og lågare sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit godt arbeidsmiljø!
Om prosessenSlik bruker de verktøyet
Opplegget er lett. Det startar med at de på eiga hand ser filmar om ulike tema i arbeidskvardagen. Deretter har leiarar og tilsette to fellesmøte på 1,5 til 2 timar. Basert på innspela i møta kjem de fram til ein konkret handlingsplan.
Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod samarbeider om å vere prosessansvarlege. Dei har som oppgåve å organisere fellesmøta, altså å bestille materiell, invitere tilsette og leie møta. I tillegg skal dei lage oppsummeringar frå møta og bli samde om kva som skal stå i handlingsplanen.
IntroduksjonEin kort film om kva arbeidsmiljø betyr
Trivsel er viktig for eit godt arbeidsmiljø, men det handlar også om litt meir: Om korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir.
ForberedelserKva utfordringar er knytt til arbeidet?
Filmane under skildrar faktorane som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i sjøfart. Førebu dykk til statusmøtet ved å sjå filmane på eiga hand.
Oppgaver for alle:
- Sjå filmane og finn ut om du kjenner deg igjen
- Har du eigne eksempel?
Jobbuvisse og nedbemanning
Omorganisering kan føre til at arbeidet blir betre organisert og tilrettelagdt for arbeidstakarane, og for oppgåvene dei skal utføre. Samtidig kan større endringsprosessar skape uvisse og få negative ringverknader for arbeidsmiljøet. Å få informasjon og å få høve til å medverke før og under endringsprosessane, er med på å redusere uvisse.
Støtte frå leiar
Det er viktig at tilsette opplever å bli sett av sin næraste leiar. Det kan vere at leiaren set pris på arbeidsresultata, at ein får hjelp om ein treng det, og at sjefen behandlar dei tilsette rettferdig og upartisk.
Tryggingskultur
Rundt ein tredel av tilsette i sjøfart oppgir at det er ein auka risiko for å bli utsett for ei ulykke på jobb. Tryggleik blir styrt ved reglar og prosedyrar for arbeidet, kompetanse for å utføre arbeidet sikkert, kultur for å prioritere tryggleik, og arbeidstider og arbeidsforhold som gjer det mogleg for tilsette å fungere godt.
Ugunstig arbeidstid
Arbeidstida kan påverke både helse, balanse mellom jobb og privatliv, og velferd. Skift- og turnusarbeid kan påverke søvn og skape forstyrringar i døgnrytma.
Den fysiske arbeidsplassen
Den fysiske arbeidsplassen i sjøfart er svært variert. Yrkesgrupper i bransjen er utsett for ulike eksponeringar, men nokre forhold som til dømes støy, tunge løft, og ukomfortable arbeidsstillingar er felles for mange. Høg belastning over tid eller einsidige arbeidsoppgåver kan føre til muskel- og skjelettplager. For å førebyggje plager er det viktig med nok kvile, restitusjon og rullering av arbeidsoppgåver.
Andre utfordringar
Puste inn gass, støv og kjemikaliar
På relativt kort sikt kan innanding av enkelte stoff gi luftvegsplager og enkelte allergiar. På lengre sikt kan dette gi sjukdommar som kreft, kols, løysemiddelskade, og hjarte- og karsjukdommar.
Jobbe med hender over skulderhøgd
Arbeid med armane heva over skulderhøgd, repeterande rørsler og arbeid med bøygde handledd kan auke risikoen for fysiske plager.
Ubalanse mellom innsats og påskjønning
Det vil seie at ein opplever ubalanse mellom eigen innsats og påskjønninga ein får. Påskjønning kan til dømes vere anerkjenning for den innsatsen ein legg i arbeidet, eller rett lønnsnivå.
Vil du vite mer om faktorer i arbeidet? Besøk noa.stami.no fakta om arbeidsmiljø i sjøfart
Hvordan er det hos oss?Statusmøte
Målet med dette møtet, som tek 1,5 til 2 timar, er å snakke om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen dykkar.
Prosessansvarlege leier møtet. Det kan vere lurt at de ser filmane igjen, saman. Lag grupper på 4-6 personar og gi ein plansje til kvar gruppe. Diskuter kvar faktor som er skildra i filmane over.
Diskuter:
- Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane?
- Kva er dei største utfordringane hos oss?
- Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag?
- Er det nokon typiske arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre?
- Er det andre ting hos oss som er meir relevante?
Hugs at de ikkje skal snakke om korleis de skal løyse utfordringane før i neste møte.
Når statusmøtet er slutt, samlar dei prosessansvarlege inn alle plansjane. Så lagar dei ei oppsummering, som dei skriv inn i den indre sirkelen på plansjane som skal brukast på neste møte, som er tiltaksmøtet.
For prosessansvarlige:
Hva kan vi gjøre hos oss?Tiltaksmøte
I dette møtet skal de komme fram til kva som er gode tiltak i arbeidsmiljøet dykkar. Møtet tek omtrent 1,5 til 2 timar. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.
Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmen over. Lag grupper på 4-6 personar, og gi ein plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå førre møte, og diskuter korleis de kan forbetre kvar enkelt faktor hos dykk.
Diskuter:
- Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt.
- Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt.
- Er det enkelte forhold i jobben vi bør vere særleg merksame på?
- Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis?
- Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i – og korleis?
Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet.
Veien videreLag ein handlingsplan
Ut frå forslaga i tiltaksmøtet set dei prosessansvarlege opp ein konkret handlingsplan for korleis de skal jobbe vidare med arbeidsmiljøet.
Handlingsplanen bør de henge opp på veggen eller gjere synleg på ein annan måte, slik at de minner alle på tiltaka kvar dag.
Resultata frå arbeidsprosessen bør de også ta vidare i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.
For å lykkast er det viktig å gjere jobben med arbeidsmiljø til ein kontinuerleg prosess med systematisk oppfølging.
Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Sett gjerne tidsfristar eller ein konkret dato for eit oppfølgjande møte litt fram i tid, der de saman evaluerer tiltaka de har komme fram til.
For prosessansvarlige:
Hva synes du om prosessen?
Forstod du alt eller var det uklart?
Takk for din tilbakemelding!