Offentlig forvaltning og velferd

'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i offentleg forvaltning og velverd til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit betre arbeidsmiljø!


Om prosessenSlik bruker dere verktøyet

Opplegget er lett. Det startar med at de på eiga hand ser filmar om ulike tema om arbeidet dykkar. Deretter har de to møter på 1,5 til 2 timar. Basert på innspel frå alle tilsette kjem de fram til ein konkret handlingsplan. 

Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod samarbeider om å vere prosessansvarlege. Dei har som oppgåve å organisere fellesmøta: bestille materiell, invitere tilsette og leie møta. I tillegg skal dei lage oppsummeringar frå møta og setje opp handlingsplanen. 


IntroduksjonEin kort film om kva eit godt arbeidsmiljø betyr

Arbeidsmiljø handlar om litt meir enn trivsel. Det dreier seg om jobben vi gjer: Korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen. 


ForberedelserKva utfordringar er knytt til arbeidet?

Filmane under skildrar faktorane som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i landbruket. Førebu dykk til statusmøtet ved å sjå filmane på eiga hand. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.

Oppgaver for alle:

Kontorløysingar

Mange har aktivitetsbaserte kontorkonsept eller jobbar i meir tradisjonelle opne landskap. Både når det gjeld fysisk kontorløysing i arbeidsgivars lokale og bruk av heimekontor, er det viktig at ein vurderer kva slags løysing som passar best til arbeidsoppgåvene.

Omorganisering og endring

Omorganisering og endring kan innebere endra arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar, endringar i strukturen eller bemanningssituasjonen til organisasjonen. Endring kan vere bra og nødvendig, men kan føre til auka krav og ei oppleving av lite kontroll. For å få til gode endringsprosessar, er det viktig å involvere dei tilsette og dele informasjon.

Konfliktar, truslar og trakassering

Sjølv om enkelte episodar objektivt sett er meir alvorlege enn andre episodar, så vil den subjektive opplevinga ha noko å seie for om ein person opplever negative helsekonsekvensar på kort eller lang sikt.

Høge krav og lita moglegheit til å påvirke arbeidde

Moglegheita til å påverke eigne arbeidsoppgåver er viktig for motivasjon og helse. Derfor er det lurt at leiarar og tilsette i fellesskap diskuterer korleis det er mogleg å organisere arbeidet på best mogleg måte.

Høge emosjonelle krav

Det å handtere eigne og andres kjensler eller takle andre menneskes sorger og gleder er ein stor del av kvardagen. Emosjonelle krav er ikkje negativt i seg sjølv, men det å skulle forhalde seg til andre menneskes kjensler og leggje vekk eigne kjensler kan vere belastande over tid.


Andre utfordringar

Gjentakande hand- og armrørsler

Monotone og gjentakande rørsler i arm eller hand store delar av arbeidsdagen kan føre til smerter i nakke, skuldrer og armar.

Arbeid med hovudet bøygd framover

Arbeidsoppgåver der ein jobbar med framoverbøygd nakke og hovudet vendt nedover, eksempelvis for å lese eller skrive på papir, kan føre til smerter i nakke og skuldrer

Moglegheit for fagleg utvikling

Arbeidstakarar skal ha høve til fagleg og personleg utvikling gjennom arbeidet. Dette kan auke evna til å meistre nye utfordringar, og er nært knytt til sjølvråderett i jobben.

Vil du vite mer om faktorer i arbeidet? Besøk noa.stami.no - fakta om arbeidsmiljø i bransjen


Hvordan er det hos oss?Statusmøte

Målet med dette møtet, som tar 1,5 til 2 timar, er å snakke om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen dykkar.  

Prosessansvarlege leier møtet. Det kan vere lurt at de igjen ser filmane saman. Del dykk i grupper på 4 til 6 personar og gi ein plansje til kvar gruppe. Diskuter kvar faktor som er skildra i filmane over. 

Diskuter: 

  • Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane? 
  • Kva er dei største utfordringane hos oss? 
  • Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag? 
  • Er det nokon typiske arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre? 
  • Er det andre ting hos oss som er meir relevante? 
  • Hugs at de ikkje skal snakke om korleis utfordringane blir løyste før i neste møte. 

Når statusmøtet er slutt, samlar dei prosessansvarlege inn alle plansjane. Så lagar dei ei oppsummering, som dei skriv inn i den indre sirkelen på plansjane som de skal bruke på neste møte, som er tiltaksmøtet. 

For prosessansvarlige:


Hva kan vi gjøre hos oss?Tiltaksmøte

I dette møtet skal de komme fram til kva som er gode tiltak i arbeidsmiljøet dykkar. Møtet tek omtrent 1,5 til 2 timar. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen. 

Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmen over. Del dykk i grupper på 4 til 6 personar, og gi ein plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå førre møte, og diskuter korleis de kan forbetre kvar enkelt faktor hos dykk. 

Diskuter:

  • Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt. 
  • Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt. 
  • Er det enkelte forhold i jobben vi bør ha særleg fokus på? 
  • Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis? 
  • Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i? I så fall, korleis?  

Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet. 


Veien videreLag ein handlingsplan

Ut frå forslaga i tiltaksmøtet set dei prosessansvarlege opp ein konkret handlingsplan for korleis de skal jobbe vidare med arbeidsmiljøet. 

 Handlingsplanen bør de henge opp på veggen eller gjere den synleg på annan måte, slik at alle blir minte om tiltaka kvar dag. 

 Resultata frå arbeidsprosessen bør de også ta vidare i dei formelle organa for arbeid med arbeidsmiljø og HMS. 

 For å lykkast er det viktig å gjere jobben med arbeidsmiljø til ein kontinuerleg prosess med systematisk oppfølging. 

Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Sett gjerne tidsfristar eller ein konkret dato for oppfølging litt fram i tid, der de saman evaluerer tiltaka de har komme fram til. 

Lykke til! 


enbradagpajobb.no bruker informasjonskapsler, også kalt cookies. Du kan lese mer om dette og vår personvernerklæring ved å følge linken.
Informasjonskapsler og personvernerklæring
Jeg forstår