Bilde av lærer som veileder elever.

Undervisning – grunnskule

Dei fleste av alle lærarar trivst svært godt i jobben sin og opplever det som både givande og meiningsfullt å jobbe i undervisningssektoren. Likevel er det nokre faktorar i arbeidsmiljøet som kan vere utfordrande. 'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i undervisningssektoren til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit betre arbeidsmiljø!


Om prosessen

Opplegget er lett. Det startar med at de på eiga hand ser filmar som om ulike tema i arbeidskvardagen. Deretter har leiarar og tilsette to fellesmøte på 1,5 til 2 timar. Basert på innspela i møta kjem de fram til ein konkret handlingsplan.

Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod samarbeider om å vere prosessansvarlege. Dei har som oppgåve å organisere fellesmøta, altså å bestille materiell, invitere tilsette, og leie møta. I tillegg skal dei lage oppsummeringar frå møta og bli samde om kva som skal stå i handlingsplanen.


IntroduksjonEin kort film om kva eit godt arbeidsmiljø betyr

Arbeidsmiljø handlar om litt meir enn trivsel, det handlar om jobben vi gjer: Korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.


ForberedelserKva utfordringar er knytt til arbeidet?

Filmane under skildrar faktorane som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i grunnskulen. Førebu dykk til statusmøtet ved å sjå filmane på eiga hand. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.

Oppgaver for alle:

Høye emosjonelle krav

Kontakt med elevar og føresette er ein viktig og givande del av arbeidet. Og det å handtere eigne eller andre sine kjensler, eller takle andre menneske sine sorger og gleder, er ein stor del av kvardagen. Desse krava er i seg sjølv ikkje noko negativt, men det å skulle ta omsyn til andre menneske sine kjensler og leggje vekk eigne kjensler, kan over tid utgjere ei belastning.

Vald og truslar

Å oppleve vald, truslar og konfliktar over tid kan føre til lågare trivsel og psykiske helseplager. Det kan påverke arbeidsevne og føre til sjukefråvær. I grunnskulen kan det vere elevar som til dømes bit, luggar eller slår. Det er viktig å jobbe for å førebygge slike hendingar, og at skulen har retningslinjer og prosedyrar for kva ein skal gjere når slike situasjonar oppstår.

Balanse mellom jobb og privatliv

Vanskar med å skilje mellom jobb og privatliv er ei utfordring i læraryrket fordi ein i stor grad tek med seg arbeid heim. Det dreier seg om både førebuingar, etterarbeid og ikkje minst det å vere tilgjengeleg utanfor normal arbeidstid.

Tilbakemelding på arbeidet

Leiarstøtte og tilbakemeldingar frå leiar påverkar motivasjon, og det gjer også sosial støtte. Det å sjeldan eller aldri få tilbakemeldingar på arbeidet ein gjer, verken positive eller negative, kan føre til mindre motivasjon og at ein er mindre tilfreds med jobben. På sikt kan dette auke risikoen for psykiske og fysiske helseplager, og sjukefråvær.

Endringar og ny teknologi

Endring, nye oppgåver og ny teknologi er ein del av kvardagen i arbeidslivet. Endring kan vere både bra og nødvendig, men kan også vere utfordrande for nokon. I undervisningssektoren handlar det særleg om innføring av digitale læringsverktøy og andre digitale plattformar for rapportering. At leiarar er klar over sitt ansvar for å gi god informasjon, inkludere og gi støtte til dei tilsette, er viktig for å lykkast med endringar og innføring av ny teknologi.


Andre utfordringar

Rollekonflikt

Rollekonflikt kan oppstå når ein får motstridande førespurnader frå to eller fleire personar, eller opplever manglande ressursar til å løyse arbeidsoppgåvene. Å ofte oppvele uklare roller og rollekonflikt på jobb, gir krevjande arbeidsforhold og lite effektive arbeidsprosessar.

Høge krav og låg jobbkontroll

Ein arbeidssituasjon der den tilsette får høge krav, men i lita grad er med på å bestemme tempo eller innhald kan få konsekvensar for helse, og har samanheng med mellom anna sjukefråvær relatert til psykiske helseplager.

Lite høve til å påverke arbeidet

Det å kunne påverke eigne arbeidsoppgåver er viktig for motivasjon og helse. Derfor er det lurt at leiarar og tilsette i fellesskap diskuterer korleis ein kan organisere arbeidet.

Ståande arbeid

Det er i utgangspunktet sunt å bruke kroppen, men når belastninga blir for stor kan det skape utfordringar. Å stå i lange periodar kan vere belastande for bein, kne, hofter og rygg.

Ubalanse mellom innsats og påskjønning

Denne typen ubalanse handlar om ein opplever å få fortent respekt og anerkjenning for den jobben ein gjer. Det kan også vere at ein opplever ubalanse mellom lønn og innsatsen ein legg ned i arbeidet.

Vil du vite mer om faktorer i arbeidet? Besøk noa.stami.no - fakta om arbeidsmiljøet i undervisning


Hvordan er det hos oss?Statusmøte

Målet med dette møtet, som tek 1,5 til 2 timar, er å snakke om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen dykkar.

Prosessansvarlege leier møtet. Det kan vere lurt at de ser filmane igjen, saman. Lag grupper på 4-6 personar og gi ein plansje til kvar gruppe. Diskuter kvar faktor som er skildra i filmane over.

Diskuter:

  • Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane?
  • Kva er dei største utfordringane hos oss?
  • Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag?
  • Er det nokon typiske arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre?
  • Er det andre ting hos oss som er meir relevante?

Hugs at de ikkje skal snakke om korleis de skal løyse utfordringane før i neste møte.

Når statusmøtet er slutt, samlar dei prosessansvarlege inn alle plansjane. Så lagar dei ei oppsummering, som dei skriv inn i den indre sirkelen på plansjane som skal brukast på neste møte, som er tiltaksmøtet.

For prosessansvarlige:


Hva kan vi gjøre hos oss?Tiltaksmøte

I dette møtet skal de komme fram til kva som er gode tiltak i arbeidsmiljøet dykkar. Møtet tek omtrent 1,5 til 2 timar. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.

Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmen over. Lag grupper på 4-6 personar, og gi ein plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå førre møte, og diskuter korleis de kan forbetre kvar enkelt faktor hos dykk.

Diskuter:

  • Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt.
  • Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt.
  • Er det enkelte forhold i jobben vi bør vere særleg merksame på?
  • Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis?
  • Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i – og korleis?

Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet.


Veien videreLag ein handlingsplan

Ut frå forslaga i tiltaksmøtet set dei prosessansvarlege opp ein konkret handlingsplan for korleis de skal jobbe vidare med arbeidsmiljøet.

Handlingsplanen bør de henge opp på veggen eller gjere synleg på ein annan måte, slik at de minner alle på tiltaka kvar dag.

Resultata frå arbeidsprosessen bør de også ta vidare i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.

For å lykkast er det viktig å gjere jobben med arbeidsmiljø til ein kontinuerleg prosess med systematisk oppfølging.

Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Sett gjerne tidsfristar eller ein konkret dato for eit oppfølgjande møte litt fram i tid, der de saman evaluerer tiltaka de har komme fram til.

For prosessansvarlige:


enbradagpajobb.no bruker informasjonskapsler, også kalt cookies. Du kan lese mer om dette og vår personvernerklæring ved å følge linken.
Informasjonskapsler og personvernerklæring
Jeg forstår