Godstransport
'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i godstransportbransjen til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit betre arbeidsmiljø!
Om prosessen
Slik bruker de verktøyet
Opplegget er lett. Start med å sjå filmane som visualiserer dei utfordringane som forsking viser er framståande i bransjen deira. Deretter samlast de til to møte, der de snakkar om 1) korleis er dette hos oss? og 2) korleis kan vi jobbe med det? Basert på alle tilsettes innspel lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.
Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod er prosessansvarlege. Oppgåva deira er å førebu møta: bestille materiell, sende ut invitasjonar og leie møta. I tillegg skal dei samanfatte frå møta og lage ein handlingsplan. Mal for handlingsplan finn dykk nedst på sida.
Introduksjon
Ein kort film om kva eit godt arbeidsmiljø betyr
Trivsel er viktig for eit godt arbeidsmiljø, men det handlar også om litt meir: Om korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nederst på filmen.
Forberedelser
Kva utfordringar er knytt til arbeidet?
Filmane under skildrar utfordringar som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i godstransport. Byrj statusmøtet ved å sjå på filmane under. De kan også sjå dei på førehand. For teksting: Trykk CC nederst på filmen.
Oppgaver for alle:
Sjå filmane og finn ut om du kjenner deg igjen
Har du eigne eksempel?
Jobbuvisse og nedbemanning
Omstillinger og endringar kan føre til endra arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar, endringar i strukturen, eller bemanningssituasjonen til organisasjonen. Endring kan vere bra og nødvendig, men kan føre til auka krav og ei oppleving av lite kontroll. At alle veit kva som skjer, gjennom informasjon og involvering, bidreg til at tilsette opplever endringar meir positivt.
Ugunstig arbeidstid
I godstransport jobbar fleire på ukurante tider. Dei viktigaste negative konsekvensane av skift- og nattarbeid på kort sikt er søvnforstyrringar og auka risiko for arbeidsulykker.
Einsformig arbeid
Å sitte store delar av dagen kan vere ei belastning. Monotont og einsformig arbeid aukar risiko for ryggsmerter. Å gjere det same time etter time kan også gå ut over merksemda.
Støtte frå leiar
Mange i godstransport jobbar ikkje på same stad som leiaren sin, og fleire opplever det som utfordrande. Det er viktig at tilsette opplever å bli sett av sin næraste leiar, at arbeidet blir verdsett, og at ein får hjelp og støtte om ein treng det.
Den fysiske arbeidsplassen
Støy og vibrasjonar i godstransport kjem mellom anna frå køyretøy, arbeidsoperasjonar og motorar. Mykje støy på arbeidsplassen kan føre til auka risiko for gradvis eller umiddelbar nedsett høyrsel og øyresus. Det å puste inn gass, støv og kjemikaliar er også ei utfordring, og kan medføre auka risiko for å utvikle luftvegsplager.
Andre utfordringar
Fysisk belastande arbeid
Det er i utgangspunktet sunt å bruke kroppen. Likevel kan løft, flytting og manøvrering av varer, gods og tunge gjenstandar vere belastande. Det kan føre til muskel- og skjelettlidingar, som er den største årsaken til sjukefråvær.
Puste inn støv, røyk eller eksos
Helseskadelege kjemikaliar, støv, røyk og gassar kan utløyse eller forverre luftvegsplager når ein pustar det inn. På lengre sikt kan det forårsake sjukdommar som kols, astma, hjarte- og karsjukdommar, nevrologiske skadar og enkelte krefttypar.
Vil du vite mer om faktorer i arbeidet?
noa.stami.no fakta om arbeidsmiljø i godstransport
Hvordan er det hos oss?
Statusmøte
Formålet med dette møtet er å bli samde om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen deira.
Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmane i fellesskap. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein statusmøte-plansje til kvar gruppe.
Diskuter:
- Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane?
- Kva er dei største utfordringane hos oss?
- Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag?
- Er det nokon arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre?
- Er det andre ting hos oss som er meir relevante?
Hugs! Tiltak og løysingar snakkar dykk om i neste møte (tiltaksmøte).
Dei prosessansvarlege samanfattar frå gruppediskusjonane og fører dette inn i den indre sirkelen på tiltaksmøte-plansjane.
For prosessansvarlige:
Hva kan vi gjøre hos oss?
Tiltaksmøte
No skal de diskutere tiltak og løysingar, basert på oppsummeringa frå statusmøtet.
Sjå filmen som grunnlag for å diskutere moglege tiltak og løysingar hos dykk. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.
Prosessansvarlege leier tiltaksmøtet, på same måte som på statusmøtet. Del dykk i grupper på til dømes 4-6 personar og gi ein tiltaksmøte-plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå statusmøtet, og diskuter korleis de kan handtere kvar enkelt utfordring på best mogleg måte.
Diskuter:
- Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt.
- Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt.
- Er det enkelte forhold i jobben vi bør vere særleg merksame på?
- Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis?
- Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i – og korleis?
Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet.
Veien videre
Lag ein handlingsplan
Basert på forslaga i tiltaksmøtet lagar dei prosessansvarlege ein konkret handlingsplan.
Heng handlingsplanen opp på veggen eller gjer den synleg på andre måtar, slik at alle blir minte på tiltaka kvar dag.
Synleggjer handlingsplanen også i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.
Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Derfor er det viktig å jobbe systematisk, og gjere det til ein del av det daglege arbeidet. Bestem ein dato for eit oppfølgingsmøte der de evaluerer tiltaka.
Lykke til!
Hva synes du om prosessen?
Forstod du alt eller var det uklart?
Takk for din tilbakemelding!