Godstransport

'En bra dag på jobb' skal hjelpe dykk som jobbar i godstransportbransjen til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Bruk verktøyet til å skape eit betre arbeidsmiljø!


Om prosessenSlik bruker de verktøyet

Opplegget er lett. Det startar med at de på eiga hand ser filmar om ulike tema i arbeidskvardagen. Deretter har de to møte på 1,5 til 2 timar. Basert på innspel frå alle tilsette kjem de fram til ein konkret handlingsplan.

Vi tilrår at leiar, tillitsvald og verneombod samarbeider om å vere prosessansvarlege. Dei har som oppgåve å organisere fellesmøta, altså å bestille materiell, invitere tilsette og leie møta. I tillegg skal dei lage oppsummeringar frå møta og setje opp handlingsplanen.


IntroduksjonEin kort film om kva eit godt arbeidsmiljø betyr

Trivsel er viktig for eit godt arbeidsmiljø, men det handlar også om litt meir: Om korleis vi i fellesskap planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet. Sjå filmen for å få vite meir.


ForberedelserKva utfordringar er knytt til arbeidet?

Filmane under skildrar faktorane som i størst grad påverkar arbeidsmiljøet i godstransport. Førebu dykk til statusmøtet ved å sjå filmane på eiga hand.

Oppgaver for alle:

Jobbuvisse og nedbemanning

Omstillinger og endringar kan føre til endra arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar, endringar i strukturen, eller bemanningssituasjonen til organisasjonen. Endring kan vere bra og nødvendig, men kan føre til auka krav og ei oppleving av lite kontroll. At alle veit kva som skjer, gjennom informasjon og involvering, bidreg til at tilsette opplever endringar meir positivt.

Ugunstig arbeidstid

I godstransport jobbar fleire på ukurante tider. Dei viktigaste negative konsekvensane av skift- og nattarbeid på kort sikt er søvnforstyrringar og auka risiko for arbeidsulykker.

Einsformig arbeid

Å sitte store delar av dagen kan vere ei belastning. Monotont og einsformig arbeid aukar risiko for ryggsmerter. Å gjere det same time etter time kan også gå ut over merksemda.

Støtte frå leiar

Mange i godstransport jobbar ikkje på same stad som leiaren sin, og fleire opplever det som utfordrande. Det er viktig at tilsette opplever å bli sett av sin næraste leiar, at arbeidet blir verdsett, og at ein får hjelp og støtte om ein treng det.

Den fysiske arbeidsplassen

Støy og vibrasjonar i godstransport kjem mellom anna frå køyretøy, arbeidsoperasjonar og motorar. Mykje støy på arbeidsplassen kan føre til auka risiko for gradvis eller umiddelbar nedsett høyrsel og øyresus. Det å puste inn gass, støv og kjemikaliar er også ei utfordring, og kan medføre auka risiko for å utvikle luftvegsplager.


Andre utfordringar

Fysisk belastande arbeid

Det er i utgangspunktet sunt å bruke kroppen. Likevel kan løft, flytting og manøvrering av varer, gods og tunge gjenstandar vere belastande. Det kan føre til muskel- og skjelettlidingar, som er den største årsaken til sjukefråvær.

Puste inn støv, røyk eller eksos

Helseskadelege kjemikaliar, støv, røyk og gassar kan utløyse eller forverre luftvegsplager når ein pustar det inn. På lengre sikt kan det forårsake sjukdommar som kols, astma, hjarte- og karsjukdommar, nevrologiske skadar og enkelte krefttypar.

Vil du vite mer om faktorer i arbeidet? Besøk noa.stami.no fakta om arbeidsmiljø i godstransport


Hvordan er det hos oss?Statusmøte

Målet med dette møtet, som tek 1,5 til 2 timar, er å snakke om kva utfordringar som finst på arbeidsplassen dykkar.

Prosessansvarlege leier møtet. Det kan vere lurt at de ser filmane igjen, saman. Lag grupper på 4-6 personar og gi ein plansje til kvar gruppe. Diskuter kvar faktor som er skildra i filmane over.

Diskuter:

  • Kjenner vi oss igjen i dei utfordringane vi ser i filmane?
  • Kva er dei største utfordringane hos oss?
  • Kan vi skildre nokon situasjonar frå eigen arbeidskvardag?
  • Er det nokon typiske arbeidsoppgåver eller situasjonar som er meir problematiske enn andre?
  • Er det andre ting hos oss som er meir relevante?

Hugs at de ikkje skal snakke om korleis de skal løyse utfordringane før i neste møte.

Når statusmøtet er slutt, samlar dei prosessansvarlege inn alle plansjane. Så lagar dei ei oppsummering, som dei skriv inn i den indre sirkelen på plansjane som skal brukast på neste møte, som er tiltaksmøtet.

For prosessansvarlige:


Hva kan vi gjøre hos oss?Tiltaksmøte

I dette møtet skal de komme fram til kva som er gode tiltak i arbeidsmiljøet dykkar. Møtet tek omtrent 1,5 til 2 timar. Sjå filmen for å få vite meir. For teksting: Trykk CC nedst på filmen.

Prosessansvarlege leier møtet. Start med å sjå filmen over. Lag grupper på 4-6 personar, og gi ein plansje til kvar gruppe. Ta utgangspunkt i oppsummeringa frå førre møte, og diskuter korleis de kan forbetre kvar enkelt faktor hos dykk.

Diskuter:

  • Kva er vi gode på? Finn tre bevaringspunkt.
  • Er det noko vi kan bli betre på? Finn tre forbetringspunkt.
  • Er det enkelte forhold i jobben vi bør vere særleg merksame på?
  • Er det arbeidsoppgåver som vi kan organisere annleis?
  • Er det andre faktorar i arbeidsmiljøet vårt vi bør ta tak i – og korleis?

Dei prosessansvarlege samlar inn plansjane etter møtet.


Veien videreLag ein handlingsplan

Ut frå forslaga i tiltaksmøtet set dei prosessansvarlege opp ein konkret handlingsplan for korleis de skal jobbe vidare med arbeidsmiljøet.

Handlingsplanen bør de henge opp på veggen eller gjere synleg på ein annan måte, slik at de minner alle på tiltaka kvar dag.

Resultata frå arbeidsprosessen bør de også ta vidare i dei formelle organa for arbeidsmiljø- og HMS-arbeid.

For å lykkast er det viktig å gjere jobben med arbeidsmiljø til ein kontinuerleg prosess med systematisk oppfølging.

Hugs at arbeidsmiljø er ferskvare! Sett gjerne tidsfristar eller ein konkret dato for eit oppfølgjande møte litt fram i tid, der de saman evaluerer tiltaka de har komme fram til.

For prosessansvarlige:


enbradagpajobb.no bruker informasjonskapsler, også kalt cookies. Du kan lese mer om dette og vår personvernerklæring ved å følge linken.
Informasjonskapsler og personvernerklæring
Jeg forstår